Ein god måndag

Hei alle søte! Det er måndag i dag, og eg er godt fornøyd med dagen faktisk! Høyrer det er monge som ikje likar måndagar, men eg synast dagen er heilt grei! På måndagar startar vi ikje før 09.55, noko som er veldig godt! spessielt etter ei jobbhelg, slik som eg hadde i helga, så er godt å få sove litt ekstra etter å ha stått opp 06.00 i heile helga også.

 

Då eg sto opp i dag, var det første eg merka at det var veldig kladt sidan ventialane på rommet mitt hadde stått på gløtt heile natta, det var kanskje ikkje så veldig rart sidan snøen hadde lagt seg igjen!

Eg likte vegane betre utan snø må eg få seie.

 

Her er finingane mine Solveig og Silje, + meg da, på skulen.

Etter skulen drog eg og trente saman med denne snuppa! Me lærde oss å ta pull-ups i dag, med strikk da, men det er betre enn ingenting. Eg har ingen bilete av sjølve treninga, gløymer alltid å ta bileter då.

Då eg kom heim lagde eg meg eit godt måltid med egg og salat! nam! 

Resten tå dagen skal eg bruke til å slappe av, og forberede meg litt til ein presentasjon me har i morgo. Morosamt! 

 

 

 


K o m m e n t a r e r
Namn:
Huske meg?

E-postadresse: (vises kun for meg)

URL/Bloggadresse:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/41853073
hits