Dette er godklumpen min Silje

I eit av dei fyrste innlegga er har posta på bloggen skreiv eg at eg var glad i dyr, og det er eg. Eg skreiv også at det kanskje kom til å havne eit innlegg om søte dyr på bloggen min, men sidan eg ikkje har nokon dyr sjølv, og har heller ikkje vore i dyreparken i det siste, tenkjer eg at eg heller skriv litt om min gode ven Silje, det går jo nesten for det samme. Silje er like søt som apekattar, minst!

Første skuledag i fyrste klasse vgs, var fyrste gongen eg møtte Silje, eg huskar eg hadde høyrt om ho tidligare tå ein i klassen min. Me fekk god kontakt, men blei betre kjende med kvarandre etter vi hadde vore i London ilag. Sidan då har eg vore med silje kvar skuledag.

Silje, Meg og Cecilie ein tå dei fyrste skuledagane. Her skulle me klatre, eller eg trudde me skulle klatre, men det vi eigentleg gjorde var å bli heist ned i tau. Ganske skuffande, men det gjekk greit! Silje er foresten ein klatrar, ganske flink også, sjølv om eg ikkje har sett ho klatre da! Silje er flink til det meste ho! Utan ho hadde eg ikkje vist mykje skal eg seie deg. 

Her turnar ho. Eg å Silje har vist også gått på turn saman for nokre år sidan, sjølv om me ikje viste det sjølv.

Silje er i overkant glad i mat, og dette er henne på KFC, som var vårt første måltid i London då vi var der i oktober. I oktober 2012 drog vi med klassen ned til London, noko vi likte kjempe godt med dei store shopping moglegheitane som var der. Mat var det også nok av der, men det gjorde vel ingenting for våres del. Vi reiser foresten om ikje lenge til Island også, noko eg gler meg til. 


I Juli dreg ho til New Zealand for eit heilt skule år! KVA SKAL EG GJÆRE UTAN SILJE HER? KVEN SKAL HJELPE MEG MED MATTE DA?KVEN SKAL VARE MATVRAK ILAG MED MEG DA?Hmmm, det går vel bra reknar eg med. Unnar denne jenta alt godt, og eg ganske sikker på at ho skal få eit fint skule år neste år der ho får oppleva mykje nytt! Eg er misunneleg på all den sola ho får solt seg under medan ho er der. Tenk å få sol i nesten eit heilt år da!

Utruleg glad i denne gulljenta er eg iallfall. Sjekk ut bloggen hennes på siljealettee.blogg.no


K o m m e n t a r e r
Postat av: siljealettee

HAHA søtaa <3 kjempe gla i de au klompen

13.03.2013 @ 13:22
URL: http://siljealettee.blogg.no
Namn:
Huske meg?

E-postadresse: (vises kun for meg)

URL/Bloggadresse:

Kommentar:

Trackback
Trackback-URL for dette innlegget:
http://blogsoft.no/trackback/ping/41872839
hits