For ein flink bloggar eg er!

No har eg akkurat starta på dette innlegget for andre gong, sidan det fyrste innlegget blei sletta. irriterande.

Eg kan ikje skryte på meg at eg har vore flink til å blogge regelmessig, og no er norskoppgåva mi snart ferdig, så det blir dette innlegget her, om ikje det kjem eit til.

Eg tenkte å fortellje dykk litt om korlei veka mi har vore :-) 

Eg har vore med denne herlege jenta her! Dette bilete er tatt på laurdag, der eg drog til ho, der vi slappa av litt før vi ordna oss. Eg og Silje selde bilettar til ein konsert som var på Gossen i helga. Noko som gjekk rimelig greit i forhold til at eg ikje er den store matte-meistreren. Konserten varte i omtrent ein time, og etterpå drog vi vidare ut! Ein morosam kveld.

Dette bilete tok eg på sundag, då hadde eg tatt ei tidleg ferge heim for å feire familieselskop! Eg var ganske sliten her, men det gjekk bra. Bamsen du ser på bilete heiter Bamsebak, den beste bamsen i verda spør du meg. Eg held rundt om han om natta, og breier dyna om han om mogonen då eg skal på skulen,  slek at han ikje fryns og at han då kan han sove lenger. Eg har hatt han i monge år, og er veldig glad i han. OG NEI MAN BLIR IKJE FOR STOR FOR BAMSE!♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ 

På måndag blei eg 17. og vi starta dagen på treningsenteret før skulen, vi starta ikje før 12. Det blei ei god rygg og biceps økt! Resten av dagen var no ganske bra den også. På kvelden kom Silje til meg og overnatta, og så køyrte mamma oss til Tusten på Tysdag.


 
Det var faktisk min fyrste gong på slalom, og eg var som Bambi på isen! i allfall med det fyrste! Det gjekk bedre etterkvart da. Meeen då eg og Silje tok stortrekket opp, klarte eg å dette av, og som dykk ser var det ganske bratt, og alt for bratt for meg. Det blei ein GÅTUR ned igjen. Og snillaste silje tok skia mine og rann nedover, Silje var jo flink på slalom, men eg må prøve eit par gonger til :-)

No veig eg ikje kvifor skrifta blei så rar, men skal få prøvd å fikse det etterpå.




Dette er godklumpen min Silje

I eit av dei fyrste innlegga er har posta på bloggen skreiv eg at eg var glad i dyr, og det er eg. Eg skreiv også at det kanskje kom til å havne eit innlegg om søte dyr på bloggen min, men sidan eg ikkje har nokon dyr sjølv, og har heller ikkje vore i dyreparken i det siste, tenkjer eg at eg heller skriv litt om min gode ven Silje, det går jo nesten for det samme. Silje er like søt som apekattar, minst!

Første skuledag i fyrste klasse vgs, var fyrste gongen eg møtte Silje, eg huskar eg hadde høyrt om ho tidligare tå ein i klassen min. Me fekk god kontakt, men blei betre kjende med kvarandre etter vi hadde vore i London ilag. Sidan då har eg vore med silje kvar skuledag.

Silje, Meg og Cecilie ein tå dei fyrste skuledagane. Her skulle me klatre, eller eg trudde me skulle klatre, men det vi eigentleg gjorde var å bli heist ned i tau. Ganske skuffande, men det gjekk greit! Silje er foresten ein klatrar, ganske flink også, sjølv om eg ikkje har sett ho klatre da! Silje er flink til det meste ho! Utan ho hadde eg ikkje vist mykje skal eg seie deg. 

Her turnar ho. Eg å Silje har vist også gått på turn saman for nokre år sidan, sjølv om me ikje viste det sjølv.

Silje er i overkant glad i mat, og dette er henne på KFC, som var vårt første måltid i London då vi var der i oktober. I oktober 2012 drog vi med klassen ned til London, noko vi likte kjempe godt med dei store shopping moglegheitane som var der. Mat var det også nok av der, men det gjorde vel ingenting for våres del. Vi reiser foresten om ikje lenge til Island også, noko eg gler meg til. 


I Juli dreg ho til New Zealand for eit heilt skule år! KVA SKAL EG GJÆRE UTAN SILJE HER? KVEN SKAL HJELPE MEG MED MATTE DA?KVEN SKAL VARE MATVRAK ILAG MED MEG DA?Hmmm, det går vel bra reknar eg med. Unnar denne jenta alt godt, og eg ganske sikker på at ho skal få eit fint skule år neste år der ho får oppleva mykje nytt! Eg er misunneleg på all den sola ho får solt seg under medan ho er der. Tenk å få sol i nesten eit heilt år da!

Utruleg glad i denne gulljenta er eg iallfall. Sjekk ut bloggen hennes på siljealettee.blogg.no


Ein god måndag

Hei alle søte! Det er måndag i dag, og eg er godt fornøyd med dagen faktisk! Høyrer det er monge som ikje likar måndagar, men eg synast dagen er heilt grei! På måndagar startar vi ikje før 09.55, noko som er veldig godt! spessielt etter ei jobbhelg, slik som eg hadde i helga, så er godt å få sove litt ekstra etter å ha stått opp 06.00 i heile helga også.

 

Då eg sto opp i dag, var det første eg merka at det var veldig kladt sidan ventialane på rommet mitt hadde stått på gløtt heile natta, det var kanskje ikkje så veldig rart sidan snøen hadde lagt seg igjen!

Eg likte vegane betre utan snø må eg få seie.

 

Her er finingane mine Solveig og Silje, + meg da, på skulen.

Etter skulen drog eg og trente saman med denne snuppa! Me lærde oss å ta pull-ups i dag, med strikk da, men det er betre enn ingenting. Eg har ingen bilete av sjølve treninga, gløymer alltid å ta bileter då.

Då eg kom heim lagde eg meg eit godt måltid med egg og salat! nam! 

Resten tå dagen skal eg bruke til å slappe av, og forberede meg litt til ein presentasjon me har i morgo. Morosamt! 

 

 

 


Blogginnlegg

Klokka er no rett før ni då eg startar på dette innlegget, humøret er ikkje på heilt på topp, slik det brukar å vare, men kvifor veit eg ikkje. Det er berre tirsdag men uka kjem te å gå like fort om den alltid gjær. I helga har eg jobbhelg på Gossen, noko som er like greit. Då får eg mykjemeir ut av dagen sidan eg ikkje sluttar så seint. Følar at eg er på Gossen kvar helg, men det går bra sidan eg har gofolket mitt der.

 

 

 

På bilete over ser du Susann og meg. 

 

 


Ein fin fredag

I går starta eg skuledagen min med gym. Det var kjekt sidan det var tre veker sidan sist vi hadde gym. 

Eg var sjølvsagt i full oppkledning i Bryan skjorta mi.

 

 

Eg var ikkje den einaste som ville vise fram den flotte drakta mi. Den flotte klassekameraten min LarsBjørnar ville også vise seg fram. Han trudde vi skulle ha fotball, så derfor han tok på seg feil skjorte. 

 

Amalie har farga deler av håret rosa! rått!! Silje har farga håret lilla, men eg har ikkje nokon bilete tå henne etter hun har farga det! Skal ta nokon snikbilete seinare så dykk kan få sjå! 

 

seinare på fredagen drog eg til Silje. Amalie, Silje og meg kosa oss med taco og jenteprat før Airon kom. Dette har eg ingen bilder frå. Eg overnatta med Silje sidan ho er åleine heime for helga, og Klokka halv tre i natt ringte det på døra til silje og rett etterpå høyrde vi fotsteg som høyrdes ut som kom fra innafor husveggane.  vi vart redde og va  nyskjerrig på kven det kunne vare som kom så seint. Eg gjekk ut i gongen uttafor rommet til silje og rope, med sidan eg ikkje fekk svar gjekk egg opp for å sjekke dei romma som var i 1.Etasje utan hell. etterkvar kom det ein bil og vi blei reddare, begge sto med kvar sin telefon i handa og bevegde oss til kjøkkenet for å prøve å sjå kven som var der, vi såg skyggar av folk utafor bilen, men etterkart høyrde vi at de slo at bildørane før dei for. Vi fikk vite på etterskudd kven som hadde vært her, såå vi slo oss litt til ro, og avslutta kvelden med jenteprat før begge to sovna.Vi våkna for nokon timar sidan sida eg eigentleg skulle på eit møte på jobb, som vart avlyst.

 

Her er ho godaste silje<3<3<3

 

Gløymte sjølvsagt å poste innlegget før eg og Silje for å trente.